Shropshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shropshire
EnglandShropshire.png
Geografi
Status Seremonielt grevskap og sameinte styresmakter
Opphav Historisk
Region Vest-Midlands
Areal 3 487 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

454 900
130,5 /km²
Etnisitet 97,3 % kvite
1,2% sørasiatiske
Distrikt
New Shropshire Ceremonial Numbered.png
  1. Shropshire Council (sameint)
  2. Telford and Wrekin (sameint)

Shropshire (alternativt kalla Salop og forkorta Shrops) er eit grevskap i Vest-Midlands i England. Det grensar til Wales i vest. Shropshire er eit av dei mest landlege og mest folketynne områda i England med ein folketettleik på kring 91 per kvadratkilometer.[1]. Distrikta i grevskapet vart erstatta av to sameinte styresmakter i 2009. Telford and Wrekin, vert rekna som ein del av Shropshire for seremonielle årsaker, og har vore ei sameint styresmakt sidan 1998.[2]

Grevskapet ligg rundt seks byar med den tidlegare administrasjonsstaden Shrewsbury, som er både kulturelt og historisk viktig,[3] sjølv om Telford, som vart bygd rundt fleire eldre byarn som Wellington, Dawley og Madeley, i dag er den mest folkerike.[4] Dei andre byane er Oswestry i nordvest, Newport i aust, Bridgnorth i søraust og Ludlow i sør. Whitchurch og Market Drayton i nord er òg to byar.

Ironbridge Gorge-området vert ofte kalla «industrien sin fødestad»[5] og er ein verdsarvstad som omfattar Ironbridge, Coalbrookdale og delar av Madeley.[6] Det finst i tillegg historiske industristader rundt om i grevskapet som Broseley, Snailbeach og Highley samt Shropshire Union Canal.[7]

Shropshire Hills Area of Outstanding Natural Beauty dekkjer om lag ein fjerdedel av grevskapet, hovudsakleg i sør.[8] The Wrekin er eit av dei mest kjende naturlege landemerka i grevskapet,[9], men dei høgaste åsane er Clee Hills,[10] Stiperstones[11] og Long Mynd.[12] Wenlock Edge er eit anna geografisk landemerke,[13] og elva Severn, den lengste elvar i Storbritannia, renn gjennom grevskapet.. Shropshire har eit areal på 3 197 km²,[1] og er det største grevskapet i England som ikkje grensar til havet.[14]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 52°37′N 2°43′W