Rockford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rockford
by
Land  USA
Areal 167,010845 km²
Folketal 148 655 (1. april 2020)[1]
Kart
Rockford
42°16′16″N 89°05′38″W / 42.27113°N 89.094°W / 42.27113; -89.094
Wikimedia Commons: Rockford, Illinois

Rockford er ein by langt nord i delstaten Illinois i USA. Byen er fylkessete i Winnebago County og har i kring 149 000 ibuarar. Rockford breier seg på begge sider av elva Rock River.[2]

Rockford, som vart busett frå 1834, vart strategisk plassert mellom Chicago og Galena[2] for å kunne utvikle industri. Byen var fyrst kjend for framstelling av tungt maskineri, ut på 1900-talet var Rockford den nest største møbel-produsenten. Til liks med andre industribyar i Illinois gjekk folketalet ned frå siste tiåra av det 20. hundreåret.

Museums i byen er mellom anna Burpee Museum of Natural History, Rockford Art Museum, det svensk-amerikanske Erlander Home, Tinker Swiss Cottage Museum og lokalhistoriemuseet Midway Village and Museum Center.[2] Byen har grøntområde som Sinnissippi Park, Anderson Japanese Gardens og Klehm Arboretum and Botanic Garden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Rockford | History, Economy & Attractions | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 12. januar 2024, henta 24. februar 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rockford