Rodnafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rodna

Rodnafjella (Munţii Rodnei) er ei fjellkjede i Dei austlege Karpatane nord i Romania. Namnet kjem frå den nærligganden landsbyen Rodna Veche.

Rodnafjella er ein av dei lengste samanhengande fjellryggane i Romania med ei lengd på over 50 km frå vest til aust. Dei to høgaste toppane er Pietrosul Rodnei og Ineu med 2303 og 2279 meter over havet.

Fjella vert nytta til fotturar om sommaren og skisport om vinteren og er kjend for å ha snø til langt ut på sommaren.

Sjølv om ryggen i seg sjølv ikkje er vanskeleg å forsere, er lengda og mangelen på drikkevatn langs ruta ei utfordring. Ein tur langs heile ryggen tar mellom tre og fem dagar.

Massivet har nokre grotter, mellom anna Izvorul Tăuşoarelor, den djupaste grotta i Romania med 479 meter under jordoverflata og den 242 meter djupe Jgheabul lui Zalion.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Rodnafjella ligg i regionen Maramureş nord i Romania, nær grensa til Ukraina. I nord ligg byen Borşa og landsbyen Moisei. I vest endar massivet i Setref-passet (817 m); og i aust til Prisloppasset (1416 m) og Rotundapasset (1271 m). I sør ligg landsbyane Rodna Veche, Şanţ, Maieru og Anieş, i tillegg til elva Someşul Mare som har kjelda si i Rodnafjella.

Hovudryggen langs Rodnafjella dannar ei naturleg grense mellom Bistriţa-Năsăud og Maramureş.

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Rodnafjella er ein del av Rodna nasjonalpark og biosfærereservat. Parken utgjer 567 km² i Dei austlege Karpatane og her finn ein dyr som brunbjørn, gaupe, ulv, tiur og ørn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]