Rogne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rogne er ei bygd på austsida av Volbufjorden i Øystre Slidre kommune i Oppland. I 1950 hadde det 222,4 km² store kyrkjesoknet Rogne 1 248 ibuarar. Rogne kyrkje er frå 1857.

Aust for Rogne ligg Valdres Skiferbrot, eit brot som har vore i drift i over 250 år. Eit minnesmerke over skiferarbeidarane i bygda, forma av bilethoggaren Gunnar Rørhus, er reist i Rogne. Riksveg 51 går gjennom Rogne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960