Roland Garros
Utsjånad
| Roland Garros | |||
| | |||
| Fødd | 6. oktober 1888 Saint-Denis | ||
|---|---|---|---|
| Død | 5. oktober 1918 (29 år) | ||
| Statsborgar av | Frankrike | ||
| Yrke | flygar, rugbyspelar, militær | ||
| Utdanna ved | HEC Paris Collège Stanislas de Paris Lycée Janson-de-Sailly | ||
| Medlem | Académie de l'île de La Réunion HEC Alumni | ||
Roland Garros (6. oktober 1888–5. oktober 1918) var ein fransk kampflypilot som tenestegjorde under den første verdskrigen. Han vart fødd i Saint-Denis på Réunion.
I 1913 vart Roland Garros den første som flaug over Middelhavet. Han deltok i første verdskrigen som fransk kampflypilot og vart i 1915 skoten ned og landa bak dei tyske linjene. Han klarte å flykte fra krigsfangenskapen og kom seg attende til Frankrike, der han fortsette som kampflypilot. Han blei skoten ned på nytt i 1918 og døydde ved Vouzieres i Ardennane.
Denne militærartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |