Saint-Denis

Koordinatar: 48°56′10″N 2°21′53″E / 48.93611°N 2.36472°E / 48.93611; 2.36472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saint-Denis
Basilique de Saint-Denis
Basilique de Saint-Denis
Basilique de Saint-Denis
Byvåpenet til Saint-Denis
Byvåpenet til Saint-Denis
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Seine-Saint-Denis
Geografi
Flatevidd 12,36 km²
Flatevidd
 - By

12,36 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

95 800
  7 751/km²
Koordinatar 48°56′10″N 2°21′53″E / 48.93611°N 2.36472°E / 48.93611; 2.36472
Høgd over havet 33 m
Diverse anna
Heimeside: www.ville-saint-denis.fr
Plassering

Saint-Denis er ein kommune i dei nordlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 9,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Saint-Denis er eit sous-préfecture («underadministrasjon») i departementet Seine-Saint-Denis og setet for Arrondissementet Saint-Denis i regionen Île-de-France.

I Saint-Denis ligg den kongelege gravstaden ved Basilique de Saint-Denis, der det tidlegare også stod eit kloster. Her er òg Stade de France, det franske nasjonalstadion, bygt til Fotball-VM i 1998. Pleyelkrysset er eit kjent landemerke i Saint-Denis.

Saint-Denis var tidlegare ein industriell forstad, men næringsverksemda har i ei seinare åra endra karakter og i dag har audiovisuell og tenesteytande industri i stort mon teke over. Mange av innbyggjarane er muslimske immigrantar frå tidlegare franske koloniar.

Innbyggjarar frå Saint-Denis vert kalla dionysiens, som stammar frå latin Dionysius, som i sin tur kjem frå gresk Dionysos..

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1975 til 1995 var Saint-Denis inne i ei økonomisk krise, som råka heile det området som vert kalla la Plaine de France (den franske sletta), som forutan Saint-Denis omfattar kommunane Aubervilliers og Saint-Ouen. Men i dei seinare åra er det bygd mange audioviselle studio i området og la Plaine de France har utvikla seg til eit nasjonalt audiovisuelt senter. Ein ny filmby er under bygging på eit område som tidlegare høyrde til Électricité de France (EDF). Områdert dekkjer eit areal på 6,5 hektar (65 mål) og fleire studio, med eit samla areal på 25 000 m², er under oppføring. Sentret vert kalla la Cité du cinéma (filmbyen) og skal stå ferdig i 2009. Den audiovisuelle industrien kan likevel ikkje kompensera for tapet av den gamle industrien.

Men frå 2004 har både offentlege institusjonar og fleire private føretak etablerte seg i området og det er skapt rundt 6000 nye arbeidsplassar. Dette var om lag like mange som dei industriarbeidsplassane som gjekk tapt frå midten av syttitalet og utover. I ein periode på ti år har det kome til 462 nye føretak. Mellom desse er SNCF (dei franske jarnvegane), Afnor, Generali, Arcelor, plus fleire helseføretak. Men mange av dei nye arbeidstakarane er innflyttarar frå andre kommunar og det er framleis stor arbeidsløyse (17 % i byrjinga av 2005). Mange (4200 i 2006) lever òg på minsteløn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Saint-Denis