Rolf Brahde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Brahde
Fødd15. mars 1918
Tvedestrand
Død25. mai 2009
NasjonalitetNoreg
Yrkeastronom
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Carl Rolf Brahde (15. mars 191825. mai 2009) var ein norsk astronom.

Brahde var observator ved Universitetet i Oslo frå 1949 og professor der 1988–1989, mellom anna med ansvar for utbygginga av solobservatoriet på Harestua. Dei viktigaste arbeida hans var innafor astronomisk instrumentering, databehandling og tidvassutrekningar. Brahde publiserte mange populærvitskapelege artiklar, avhandlinger og bøker, mellom anna tabellverket Solas stilling i Norge (1970) som gjev den daglege og årlege rørsla til sola på himmelen for 204 stader i Noreg. Han rekna ut Almanakk for Norge frå 1967 til 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]