Roman Sjukhevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roman Sjukhevitsj
Роман Шухевич (1945).jpg
Verkeleg namn (ukrainsk Роман Йосипович Шухевич - Roman Josypovytsj Sjukhevytsj)
Fødd 30. juni 1907
Lviv
Død

5. mars 1950
Lviv

Roman Sjukhevitsj på Commons

Roman Sjukhevitsj (17. juli 19075. mars 1950), også kjend under dekknamnet Taras Tsjuprynka, var ein ukrainsk politisk og militær leiar. Han leidde mellom anna opprørshæren UPA.

Sjukhevitsj var òg leiar i gruppa Nachtigall, ein bataljon av den tyske Wehrmacht som var bemanna av ukrainarar.

I oktober 1941 vart han nestkommanderande i den 201. bataljonen av Det ukrainske Hjelpepolitiet (kalla Schutzmannshaft av tyskarane), som frå mars 1942 deltok i operasjonar mot partisanane i Kviterussland.

Frå desember 1943 var han øvstkommanderande i UPA. Han døydde i kamp mot sovjetiske politistyrkar (MGB) i 1950.

Sjukhevitsj er ein omstridd person i Ukraina. Nokre ser på han som nasjonalhelt og fridomskjempar, medan andre rekner han som ein medhjelpar for fascistane i organisasjonar knytt til massakrar på polakkar og jødar.[1] I 2007 blei han utnemnd til ein Helt av Ukraina av president Viktor Jusjtsjenko. Etter fleire runder i rettssystemet blei tildelinga erklært ulovelg av høgsteretten i Ukraina, ettersom Sjukhevitsj aldri hadde vore ein statsborgar i landet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]