Partisan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Med ordet partisan er oftast meint ein geriljasoldat eller væpna motstandskjempar eller militsmedlem som kjempa mot fascisme og nazisme under andre verdskrigen.

Særleg var det mykje partisanverksemd i dei nazi-okkuperte delane av Sovjetunionen, i dei okkuperte landa Jugoslavia, Hellas og Frankrike, og i det fascistiske Italia. Dei store og militært aktive partisanrørslene i desse landa batt store fascistiske/nazistiske styrkar, og bidrog mykje til sigeren over fascismen og nazismen.

Det at mesteparten av Jugoslavia blei frigjort av den jugoslaviske partisanrørsla sjølv, under leiing av Josip Tito, gjorde også at landet kunne stå imot sovjetisk dominans i etterkrigstida.

Dei fleste av dei store partisanrørslene var under kommunistisk leiing, også den jugoslaviske.

Ordet partisan om ein slik irregulær stridande person blei bruka iallfall så tidleg som under den russiske borgarkrigen. Det er også blitt bruka om ikkje-kommunistiske og anti-kommunistiske væpna grupper, særleg i Aust-Europa, men i hovudsak er nemninga blitt nytta om dei kommunistisk leidde militært aktive motstandsrørslene under andre verdskrigen.