Romanen Andvake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Andvake (fleirtyding).

Berre kvila litt fyrst, seier Asle
Du har nesten ikkje sove på aldri så lenge, seier Alida
Nei, seier han
Du må vere veldig trøytt, seier ho
Ja, seier Asle
Og svolten òg, seier Alida
Ja veldig svolten, seier han
Fyrst kvila litt, og så eta, seier han

Frå Andvake av Jon Fosse

Andvake er namnet på ei forteljing av Jon Fosse, utgjeven på Det norske Samlaget i 2007. Romanen handlar om ung kjærleik og om menneskeleg brutalitet, når eit ungt par som ventar barn er drive heimanfrå, og kjem inn til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu.[1]

Forteljinga held fram i bøkene Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014). Forfattaren fekk i 2015 Nordisk råds litteraturpris for denne romantriologien.

Romantittelen[endre | endre wikiteksten]

Ordet andvake tyder 'søvnlaus' eller 'søvnlaust' (jf. «andvaken»).[2] I norrønt kunne substantivet andvaka tyde både 'nattevak', 'søvnløyse', 'aktsemd' og 'vaktsemd' (bm. «årvåkenhet»).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]