Hopp til innhald

Rotatorkappe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musklane på ryggsida av skulderbladet og triceps brachii

Rotatorkappa (også kalla rotatormansjetten eller rotatorcuffen) er ei gruppe musklar og sener som bidreg til å stabilisere skuldra.[1][2] Dei fire musklane i rotatorkappa er supraspinatusmuskelen, infraspinatusmuskelen, den vesle runde akselmuskelen og subskapularismuskelen.[1][2] Desse utgjer meir enn halvparten av dei sju musklane i skulderbladet og overarmen. Musklane i kappa er viktige for skulderrørsle og for å istandhalde stabiliteten til glenohumeralleddet (skulderleddet). Musklane har utspring i skulderbladet og har feste i humerushovudet (caput humeri), og former dimed ei kappe over skulderleddet.

Sener i utkanten av musklane kan rivne (rotatormansjettruptur) som følgje av slitasje og føre til smerte og nedsett rørsleevne.[1] Det er oftast supraspinatussenen under skulderhøgda som blir råka av denne typen skade.

  1. 1 2 3 «Rotatorkappen, skade». Norsk Helseinformatikk (nhi.no). Norsk Helseinformatikk AS. 30. november 2015. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 26. oktober 2016.
  2. 1 2 Holck, Per (6. februar 2015). «rotatormansjett». Store medisinske leksikon. Store norske leksikon. Henta 26. oktober 2016.