Overarmsbein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Venstre overarmsbein sett ventralt.

Overarmsbeinet (på latin humerus, fleirtal humeri) er knokkelen i overarmen som går frå skuldra til olbogen, og er det lengste og kraftigaste beinet i armen.

I menneskeskjelettet ligg det mellom det skulderbladet, scapula og beina i underarmen, spolebeinet, radius, og olbogebeinet, ulna. Mot skulderbladet ligg skulderleddet, og mellom overarmsbeinet og underarmsbeina finn vi olbogeleddet.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Anatomisk sett så deler ein inn overarmsbeinet i tre delar, ein superiore epifysen, skaftet (somtid òg kalla diafysen, og den inferiore epifysen.

Den superiore epifysen[endre | endre wikiteksten]

Den superiore epifysen til overarmsbeinet sett ventralt.

På den øvste delen av overarmsbeinet finn vi tre strukturar: humerushovudet, caput humeri, den store beinknuten, tuberculum majus, og den vesle beinknuten, tuberculum minus. Humerushovudet er vendt medialt, oppover og noko dorsalt og dannar leddflata mot skulderbladet. Omkrinsen av leddbrusken blir kalla den anatomiske halsen, collum anatomicum. Tuberculum majus ligg lateralt for caput humeri og tuberculum minus og er eit muskelfeste for tre musklar: øvst m. supraspinatus, m. infraspinatus lengre ned, og på beinkammen nedanfor knuten, crista tuberculi majoris, festar m. teres minor. Tuberculum minus ligg på ventralsida, peiker medialt og ventralt og er meir framståande enn den andre tuberkelen trass i at han er mindre. Han tener som feste for m. subscapularis. Under dei to tuberklane går den kirurgiske halsen, collum chirurgicum, nemleg fordi det er ein plass kvar overarmsbrot ofte skjer. Mellom dei to tuberklane er ei beinfure som kallast sulcus intertubercularis humeri. Her går den lange sena til m. biceps brachii saman med ei grein av a. circumflexa humeri anterior som forsyner skulderleddet med blod. [1]

Skaftet[endre | endre wikiteksten]

Knokkelskaftet er sylindrisk øvst og blir meir og meir trekanta jo lengre ned ein kjem. Det gir tre kantar, cristae og tre flater facies. Skaftet utgjer den distale begrensinga på det laterale og distale aksillehòlet.

Kantane[endre | endre wikiteksten]

Den fremre kanten, crista anterior går tuberculum majus og fossa coronoidea og deler den anteromediale flata frå den anterolaterale. På midten former han den fremre grensa av tuberositas deltoidea, og nedst gir han utspring til m. brachialis. Den laterale kanten, crista lateralis, går frå tuberculum majus til den laterale epikondylen og skil den anterolaterale flata frå den posteriore. Den øvste delen tener som feste for m. teres minor og under spring eit hovud av m. triceps brachii ut. Nedst spring fleire musklar ut: m. brahioradialis, m. extensor carpi longus under, og eit anna hovud av m. triceps brachii og muskelseptumet. Den mediale kanten, crista medialis, strekkjer seg frå tuberculum minus til den mediale epikondylen. Øvst gir han festeplass til m. teres major. Kringen midten av kanten festar m. coracobrachialis, og rett nedanfor går vanligvis næringsarteria til beinet inn, a. nutricia. Nedanfor lager kanten grensa mellom m. brachialis og m. pronator teres, og det mediale hovudet for m. triceps brachii.

Flatene[endre | endre wikiteksten]

Den anterolaterale flata, facies anterolateralis, er glatt og dekt av m. deltoideus øvst. Lenger nede er ho utspring for m. brachialis. Mellom desse krossar sulcus radialis med n. radialis og a. profunda humeri. Den anteromediale flata, facies anteromedialis startar i sulcus intertubercularis som er festet for m. latissimus dorsi, lenger ned er han feste for m. coracobrachialis, og nedst spring m. brachialis ut. Den posteriore flata, facies posterior, er noko vridd lateralt og nesten heilt dekt av m. triceps brachii. Det laterale hovudet kjem frå over sulcus radialis og det mediale hovudet spring ut fra den posteriore flata under radialisfura.

Den inferiore epifysen[endre | endre wikiteksten]

Den inferiore epifysen til overarmsbeinet sett ventalt.

Den nedste delen av overarmsbeinet artikulerer med underarma. Den har to store epikondylar, epicondylus medialis og epicondylus lateralis. Den mediale epikondylen tener som feste til det ulnare kollateralligamentet i olbogen, m. pronator teres og fleire handfleksormusklar. Den laterale epikondylen er mindre og tener som feste for det radiale kollateralligamentet, for m. supinator og fleire handekstensorar. Leddflata ligg noko lenger ned enn epikondylane, og ho dekkjer eit rundt framspring, capitulum som dannar ledd med det skålforma radiushovudet. Ho dekkjer òg ein spoleforma struktur, trochlea, som artikulerer med ulnahovudet. Foran og ovanfor trochlea er ei lita grop kalla fossa coronoidea der proc. coronoideus ulnae går inn når olbogen er flektert. På dorsalsida finn vi fossa olecrani kor processus olecrani ulnae går inn ved ekstendert olboge. Desse gropene er atskilde av ei tynn beinhinne, og somtid kan ho vere borte, og ein får danna hòlet foramen supratrochleare. [2]

Knokkelen har åtte ulike endokondrale forbeiningssenter: eitt til skaftet, på caput humeri, tuberculum majus, tuberculum minus, capitulum, trochlea og eitt for kvar epikondyl.

Nervar[endre | endre wikiteksten]

N. axillaris ligg på den proksimale enda av overarmsbeinet mot skulderbogen, og om knokkelhovudet går ut av skulderleddet, så kan det potensielt skade n. axillaris eller a. axillaris.

N. radialis følgjer overarmsbeinet tett nedover skaftet i ei beinfure kalla sulcus radialis under m. triceps brachii. Han kan bli skada av eit brot på humerusskaftet eller ved ein laurdagskveldparese (engelsk Saturday night palsy) der eit langvarig trykk på dorsalsida av overarma gir radialisparese. Det kan skuldast at armen ligg for lenge over ein stol eller sengegavl når ein søv, og at ein umedviten ikkje reagerer på iskemismerta på grunn av høgt alkoholinntak. Det vil gi hengjearm (engelsk drop-hand) sidan n. radialis innerverer ekstensorane i underarma, i tillegg til eit sensorisk tap.

N. ulnaris går på medialsida av overarmsbeinet saman med a. brachialis, men skyt ned gjennom muskelseptumet og på undersida av epicondylus medialis. Han går så i ein beinkanal kalla sulcus ulnaris, og det er støytar på nerven i denne kanalen som er opphavet til kjerringstøyt. Han kan fort òg bli skada i olbogeskadar [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gray's Anatomy - Overarmsbeinet, vitja 21.12.2012 (engelsk)
  2. Gray's Anatomy - Overarmsbeinet, vitja 21.12.2012 (engelsk)
  3. TeachMeAnatomy.net - Overarmsbeinet, vitja 22.12.2012 (engelsk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Overarmsbein