Hopp til innhald

Rothbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rothbury
by
Land  England
Region Northumberland
Folketal 2 263 (2021)[1]
Postnummer NE65
Retningsnummer 0 1669
Kart
Rothbury
55°18′35″N 1°54′39″W / 55.3097°N 1.9109°W / 55.3097; -1.9109
Wikimedia Commons: Rothbury

Rothbury er ein by i grevskapet Northumberland i England. Han har kring 2 000 innbyggjarar og ligg ved elva Coquet, 22 km nordvest for Morpeth og 42 km nordvest for Newcastle upon Tyne.

Rothbury i 2009.
Foto: Oliver Dixon

Rothbury voks fram som ein relativt viktig by i det historiske distriktet Coquetdale fordi han låg ved eit kryssingspunkt over ein vadestad langs Coquet. Rothbury fekk status som marknadsby i 1291, og vart eit senter for handel med kveg og ull for dei omliggande landsbyane.

  1. «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Rothbury