Rotsethornet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rotsethornet sett frå sentrum i Volda

Rotsethornet er eit fjell rett oppom Volda sentrum i Volda kommune. Den vestlege toppen nærast sentrum er det mest vanlege turmålet, og er 649 moh., medan Instehornet knapt 400 m mot aust er 652 moh. Fjellet dominerer utsikta rett sør for Volda sentrum, og toppen byr på flott utsikt over Volda sentrum, bygder, fjordar og fjell rundt.

Rotsethornet er eit populært turmål, men den vanlege ruta rett opp frå Volda sentrum er såpass bratt at det er lagt ut tau til å halde seg fast i på dei brattaste kneikane. Ein kan parkere ved opninga av RotsethorntunnelenRiksveg 651. Turvegen går oppom tunellopninga og opp til Kalsethola. Derifrå går råsa forbi ein telelink og opp gjennom bratt skog til utsiktsplassen Aksla. Vidare i slakkare terreng opp til den vestre toppen, 649 moh. Turen ned kan gjerne gå via utsiktspunktet Toskegjølet, Instehornet og vidare ned Litledalen til turvegen rundt Rotevatnet.

Å gå på Rotsethornet den motsette vegen er lenger, men ruta går her i eit langt enklare terreng. Ein startar då frå den sørlegaste vika av Rotevatnet. Ved turvegen står det skilt med Rotsethornet, og ein følgjer traktorveg eit stykke opp Litledalen. Deretter går stien bratt opp, men ein er snart oppe på fjellryggen, og ser ned i Austefjorden på andre sida. Råsa følgjer deretter ryggen til toppen.

Fjellet har namnet etter garden Rotset som ligg nedanfor fjellet på nordsida mot Volda sentrum.

Fjellet er ikkje ufarleg, og her har dei siste åra skjedd to dødsulykker under nedstiging frå fjellet, der personar har kome bort frå den vanlege ruta frå toppen og ned til sentrum, og falle i det bratte og vanskelege terrenget. Viss ein følgjer den merka råsa er det likevel ikkje nokon grunn til å la vere å vitje toppen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]