Rubbestadneset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rubbestadneset
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Areal 1,25 km²
Folketal 1 307  (2023)
Folketettleik 1 046 / km²
Postnummer 5420 RUBBESTADNESET
Kart
Rubbestadneset
59°49′00″N 5°16′00″E / 59.81666667°N 5.26666667°E / 59.81666667; 5.26666667

Rubbestadneset er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Staden ligg på nordaustsida av øya Bømlo. Tettstaden har 1 307 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Rubbestadneset har grunnskule, vidaregåande skule, nærbutikk, hotell, bedehus, hurtigbåtstopp, frisørsalong og idrettshall med fotballbane. Rubbestadneset skulekorps vart stifta i i 1958.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Bygda vaks fram rundt Wichmann Motorfabrikk som produserte båtmotorar frå 1903 til 1978. Då selskapet gjekk konkurs, vart det innlemma i finske Wärtsilä Norway AS, som i dag produserer propellar, gir og framdriftssystem, samt vedlikehald på Wichmannmotorar.

Den gamle smia der ein starta produksjonen av motorar står framleis i sentrum, og er i dag nytta som museum og utstillingslokale.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.