Rune Djurhuus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rune Djurhuus
Rune Djurhuus NM Hamar 2007.jpg
Fødd 25. januar 1970
Elverum
Yrke sjakkspelar, fjernsjakkspiller

Rune Djurhuus (fødd 25. januar 1970) i Elverum er ein norsk sjakkspelar.

Han vart utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1989., og i 1996 vart han som den fjerde frå Noreg utnemnd til internasjonal sjakkstormeister.

Djurhuus lærte å spele sjakk i 6-7 års alderen. I 1980 begynte han å spele i Elverum sjakklubb. Han hadde rask framgang, og vart norsk juniormeister i 1985. Han har sidan den gongen høyrt til noregseliten.

Djurhuus vart europameister for juniorar i 1991 i Arnhem, framfor blant andre den seinare verdsmeisteren Vladimir Kramnik og seinare stormeister Loek van Vely.

Prestasjonane som kvalifiserte for stormeister-tittelen kom i følgjande turneringar: 8 poeng på dei første 11 partia i Sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i Manila i 1992. 1-2. plass i Gausdal Masters 1994/95 med 7 poeng av 9 moglege. 1. plass i Gausdal Masters 1995/96 med 7 poeng av 9 moglege. Han vart deretter utnemnd til stormeister av verdssjakkforbundet FIDE i 1996.

Djurhuus har vore ein flittig deltakar i kampen om å bli noregsmeister i sjakk. Han har fire gongar blitt nr 2 (1990, 1994, 2000 og 2003), og fem gongar nr 3 (1988, 1995, 1996, 1998 og 1999), men har til no ikkje klart å gå til topps.

Han har deltatt på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) 6 gongar, i åra 1988, 1990, 1992, 1994 og 1996, og så no 2006. Han har eit samla resultat på 26 sigrar, 17 remisar og 19 tap, 34,5 poeng på 62 parti, 55,6 %.

Ved sjakk-EM for lag i Haifa i 1989 vann Rune Djurhuus gullmedalje for beste resultat på 6. bord, med 7 poeng av 9 moglege.

Djuurhus har pr 1. oktober 2007 ein FIDE-rating på 2452. Dette gir han ein 7-plass av dei norske på FIDE-lista. Rune Djurhuus hadde sin høgaste rating med 2530 frå januar til juni 1997.

Spelestilen til Djuurhus er aggressiv og skarp. Med svart spelar han gjerne kongeindisk mot 1. d4 og siciliansk mot 1. e4. Med kvit opnar han vanlegvis med 1. e4.

Sidan 1991 har han spelt for Akademisk Sjakklubb Oslo, etter at han begynte å studere informatikk ved universitetet i Oslo. Han har også spelt lagkampar for svenske Skara SS.

Djurhuus skriv sjakkspalta i Aftenposten. Han har også ei av dei mest omfattande nettsidene på norsk med sjakkstoff, Stormeister Rune Djurhuus sine sjakksider

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]