Elverum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elverum
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Elverum
Areal 12,51 km²
Folketal 14 596 (2015)
Folketettleik 1 167 / km²
Postnummer 2406 Elverum
Innbyggjarnamn elverumsing,
elverumsokning,
leirsing
Preposisjon Elverum
Hovudgata i Elverum
Elvarheim er rådhuset i Elverum

Elverum eller Leiret er ein tettstad og administrasjonssenter i Elverum kommune i Hedmark med 14 596 innbyggjarar per 1. januar 2015. Tettstaden voks opp under skansen i Christiansfjeld, som vart bygd i 1680-åra. Frå 1750 vart den kjende Grundsetmartn halden her, og med utbygging av kommunikasjonane i nyare tid har staden styrkt posisjonen som handels- og skulesentrum.

Elverum sentrum ligg på austsida av Glomma, men delar av tettstaden ligg også på vestsida (Vestad). Dei fleste sentrumsfunksjonane og det meste av busetnaden er på austsida av elva. Der ligg rådhuset og den kommunale administrasjonen, i tillegg til ein del offentlege kontor som har store delar av Østerdalen som verkeområde. På vestsida av elva ligg mellom anna jarnbanestasjonen, Skyte- og Vinterskolen for Infanteriet (Terningmoen) og ein del industri. Kommunestyret vedtok bystatus for Elverum i 1996. Norsk skogmuseum og Glomdalsmuseet ligg i Elverum.

Namnet Leiret kjem av 'Elverums leir', her i tydinga militær leirplass.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]