Rusenski Lom
| Rusenski Lom | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Lengd | 196,9 km | ||
| Kjelde | Nær Razgrad i Bulgaria | ||
| • høgd | 360 moh. | ||
| Munning | Nær Ruse i Bulgaria | ||
| • høgd | 18 moh. | ||
![]() Rusenski Lom 43°41′00″N 26°00′00″E / 43.683333333333°N 26°E | |||
| Wikimedia Commons: Rusenski Lom | |||
Rusenski Lom (bulgarsk Русенски Лом) er ei elv nordaust i Bulgaria, og den siste store sideelva til Donau frå høgre. Ho oppstår der elvane Beli Lom og Tjserni Lom renn i hop. Beli Lom har sitt utspring sør for Razgrad, medan Tsjerni Lom har sitt utspring søraust for Popovo.
Kjelda til Beli Lom ved , 360 meter over havet, vert stort sett rekna som startpunktet for Rusenski Lom. Før dei renn i hop har Tjserni Lom ei lengd på 130 km og eit nedslagsfelt på 1 549 km², medan Beli Lom er 140 km lang med eit nedslagsfelt på 1 276 km². Begge elvane renn hovudsakleg nordvestover, der Beli Lom renn vestover ved Senovo og Tsjerni Lom renn nordaustover etter Sjirokovo. Dei to elvene renn i hop nær Ivanovo. Rusenski Lom munnar ut i Donau ved byen Ruse, som har gjeve namn til elva. Den totale lengda til elva vert då 196,9 km.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Rusenski Lom frå Engelsk Wikipedia .
