Russenøtter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russenøtter, frø frå cembrafuru - i forgrunnen eit opna frø med skalet på sida
Kongle frå cembrafuru
Frø frå Pinus sibirica, eit synonym til Pinus cembra var. sibirica

Russenøtter er frø frå cembrafuru (Pinus cembra) eller Pinus sibirica.

Under pomorhandelen selde russiske handelsmenn russenøtter på norskekysten. Slik kom nøttene i handelen som smågodt. Nokre frø vart planta. Difor veks det cembrafuruer mange stader på kysten av Nord-Noreg.

Cembrafurua har, som andre furutre, frøa i kongler. Konglene opnar seg ikkje før konglene fell av. Russenøtter er næringsrike, spesielt er dei rike på feitt. I Sibir inngår nøttene i kosthaldet til folk. Elles vert dei etne av fugl, ekorn og smågnagarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Russisk-engelsk-norsk norsk-engelsk-russisk skogordbok Red.: Vasilij Tsvetkov og Ørnulf Kibsgaard , Arkhangelsk 2003 ISBN 5-261-00122-6
  • Alan Mitchell Trær i skog og hage 1974/1977 ISBN 82-19-01282-7