Hopp til innhald

Ruth Kasirye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruth Kasirye
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1982 (42 år)
Mukono
Idrett vektløfting
Tok del i Sommar-OL 2008

Ruth Kasirye (fødd 10. oktober 1982) er ein norsk-ugandisk vektløftar.

Kasirye blei fødd i Mukono i Uganda, men flytta til Noreg i 1998.[1] Ho er busett i Tønsberg og representerer Tønsberg-Kameratene. Tidlegare representerte Kasirye Trondhjem atletklubb. Ho har studert vernepleie.

Kasirye hadde august 2008 dei norske rekordane i rykk, støyt og samanlagt i 3 vektklassar: 58, 63 og 69 kilo. I 2007 vart ho nummer 9 i VM med 94 kg i rygg, 115 kg i støyt og 209 kilo samanlagt. Kasirye har vunne sølv- og bronsemedalje i EM.

I 2008 kvalifiserte Kasirye seg til OL i Kina. Ho var norsk flaggberar under opningssermonien,[2] og vart nummer 7 i +63 kilosklassen tysdag 12. august 2008.[3]

Personlege rekordar

[endre | endre wikiteksten]
58 kilosklassa
Øving Tid Dato År Stad
Rykk 95 kg 22.09.2007 2007 Chiang Mai
Støyt 117 kg 18.04.2007 2007 Strasbourg
Samanlagt 210 kg 28. november 2007 Strasbourg
63 kilosklassa
Øving Tid Dato År Stad
Rykk 101 kg 23. mars 2008 Besancon
Støyt 121 kg 16. april 2008 Lignano Sabbiadoro
Samanlagt 222 kg 16. april 2008 Lignano Sabbiadoro
69 kilosklassa
Øving Tid Dato År Stad
Rykk 98 kg 9. februar 2008 Villeneuve Loubet
Støyt 121 kg 9. februar 2008 Villeneuve Loubet
Samanlagt 219 kg 9. februar 2008 Villeneuve Loubet

Kasirye sine personlege rekordar står alle som norske rekordar.[4]

  1. Black Power. NRK. Vitja 12. august 2008.
  2. Ruth Kasirye blir norsk flaggbærer NRK. Vitja 12. august 2008.
  3. Ruth Kasirye nummer sju Arkivert 2008-08-14 ved Wayback Machine. Nettavisen. Vitja 12. august 2008.
  4. Norske rekorder Arkivert 2008-12-24 ved Wayback Machine. Noregs vektløftarforbund. Vitja 12. august 2008.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]