Ruwaished

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°30′15″N 38°12′4″E
Ruwaished
الرويشد
by
Land Flag of Jordan.svg Jordan
guvernement Mafraq guvernement
Høgd 683 moh.
Koordinatar 32°30′15″N 38°12′4″E
Folketal 14 400 (2010)
Retningsnummer +(962)2
Jordan location map.svg
Locator Red.svg

Ruwaished er ein by heilt aust i Jordan i Mafraq guvernement. Han har eit folketal på 14 400 (2010). Karameh grenseovergang mellom Jordan og Irak ligg i Ruwaished nahiya.

Etter Irakkrigen i 2003, flykta kring 800 flyktningar frå Irak til den jordanske grensa, hovudsakleg palestinarar og somaliarar, der dei vart plasserte i Ruwaished flyktningleir i ingemannsland mellom Jordan og Irak.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg in Mafraq guvernement kring 240 km aust for Amman. Ruwaished har eit ørkenklima med ein årsmiddelnedbør på 82,9 mm. Kring åtte delvis tørre dalar møter kvarandre på sletta ved Ruwaished, som er det nest største nedslagsfeltet i den nordlege ørkenregionen etter Azraq. Vatnet som flyt frå desse wadiane om vinteren kompenserer for den låge årsnedbøren i Ruwaished. Byen ligg 683 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein veit ikkje nøyaktig når Ruwaished-området først vart busett, men det finst romerske reservoar her, som Burqu-dammen. Dette indikerer at området var ein stoppe stad for romerske og bysantinske armear, og markerte den austlege grensa til Austromarriket, eller var ein del av dei romerske vasallstatane.

Under Irakkrigen i 2003 fekk Ruwaished mykje merksemd i media, då mange korrespondentar brukte byen som base for å dekkje krigen.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 2004 hadde Ruwaished eit folketal på 12 098.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Angelina Jolie in Ruwaished Ref. Camp UNHCR report
  2. Census 2004