Ryan Reef

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryan Reef
rev
Land  Storbritannia
Koordinatar 54°26′S 36°7′W / 54.433°S 36.117°W / -54.433; -36.117
Kart
Ryan Reef
54°26′00″S 36°07′00″W / 54.4333°S 36.1167°W / -54.4333; -36.1167
Ryan Reef is located in Antarktis
Ryan Reef (Antarktis)

Ryan Reef er eit isolert rev som ligg utanfor nordkysten av Sør-Georgia, 900 meter nord for austenden av Doris Bay. Revet finst på eit kart basert på landmålingane til mannskapet på Discovery Investigations i perioden 1925-31, men kan ha vorte kartlagd tidlegare. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC), etter ei kartlegging av South Georgia Survey, 1951–52, etter Alfredo R.L. Ryan, president av Compania Argentina de Pesca, som opererte kvalstasjonen i Grytviken i Sør-Georgia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ryan Reef» (innhald frå Geographic Names Information System).