Rylsk
Rylsk Рыльск | ||
---|---|---|
![]() | ||
Byvåpenet til Rylsk |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Kursk oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1152 1779 | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
17 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
17 007 1 000,4 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 30737x | |
Retningsnummer (tlf) | +7 47152 |
Rylsk (russisk Рыльск) er ein by i Kursk oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sejm, rundt 100 km vest for Kursk.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Rylsk vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1152 som ein av dei severiske byane. Han vart eit senter for eit apanasje-fyrstedøme på slutten av 1100-talet før han hamna under Storhertugdømet Litauen sine herskarar ein gong på 1300-talet. Kasimir IV gav han til sonen til Dmitrij Sjemjaka, Ivan, som hadde busett seg i Litauen. Son til Ivan, Vasilij, hoppa over til Storfyrstedømet Moskva, men litauarane heldt byen til 1522. Under urotida i Russland var han ein av dei første byane som ønskte den falske Dmitrij velkommen som tsar. Etter Ukraina vart innlemma i det russiske keisardømet drog Rylsk fordelar av handelen mellom Ukraina og det øvrige Russland og det budde mange handelsmenn i byen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Rylsk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.
