Storfyrstedømet Litauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Storhertugdømet Litauen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det trulege banneret til Storfyrstedømmet Litauen med statsvåpenet, kalla Пагоня på kviterussisk, Vytis på litauisk og Pogoń på polsk

Storfyrstedømet Litauen (litauisk: Lietuvos Didžioji Kunigaikštystė, kviterussisk: Вялі́кае Кня́ства Літо́ўскае (ВКЛ), ukrainsk: Велике Князівство Литовське (ВКЛ), polsk: Wielkie Księstwo Litewskie) var ein austeuropeisk stat som eksisterte i ulike former frå 1200- til 1700-talet.

Storfyrstedømet vart grunnlagt av heidne, baltiske litauarar under første helvta av 1200-talet. Snart femnde riket det tradisjonelle litauiske området attåt store område av det tidlegare Kiev-riket. I stordomstida på 1400-talet omfatta storfyrstedømet det geografiske området til dagens Litauen, Kviterussland, Ukraina, Transnistria og dels Polen og Russland. Ved Krevo-unionen i 1386 vart Storfyrstedømet Litauen tilknytt Kongeriket Polen under Jogaila ved ein personalunion, med ulike former for Polsk-litauisk union. Frå Lublin-unionen i 1569 var storfyrstedømet Litauen ein integrert del av Den polsk-litauiske realunionen (med separate lover, ein hær og ei statskasse) til den siste delinga av denne staten i 1795.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rowell, S.C. Lithuania Ascending a pagan empire within east-central Europe, 1295-1345. Cambridge: Cambridge University Press, 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]