Sælør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sælør (òg kalla Sæløer, Sæløyene eller Seli) er ei lita øygruppe rett sør for Korshamn i innseglinga til Grønsfjorden i Lyngdal kommune i Vest-Agder. Sælør består av øyane vestre Sælør og austre Sælør, som i 1966 vart knytt saman av ein molo og som til saman er om lag 580 dekar stor.

Sælør er kanskje mest kjend for kongebesøka sine. Olav den heilage overvintra her i 1028, og Magnus den gode skal ha vitja øya i 1047 [1]. Det er funne restar av noko ein meiner kan vere ei kyrkje bygd av Olav den heilage under overvintringa.[2].

Det er òg funne fleire gamle vrak rundt Sælør, nokre datert så langt tilbake som til 1300-talet[3], noko som har ført til dykkeforbod rundt øyane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]