Sølvstandard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sølvstandard eller sølvmyntfot er eit pengesystem der pengeeininga er uttrykt i ei fast vektmengd sølv, og der ein kvar kan krevje å løyse pengesetlane inn med sølv, eller bytte sølv mot ei tilsvarande mengd setlar.

Noreg hadde sølvstandard frå etableringa av Noregs Bank i 1816, då spesidalaren vart hovudmynt. I 9 1/4 spesiedalar skulle det vere ei mark fint sølv. Innløysingsretten vart suspendert alt i 1818, men gjeninført frå 1842. I 1874 vart sølvstandarden avløyst av kronemynt og gullstandard.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]