Sør-Elvåga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sør-Elvåga
innsjø
Areal 0,32 km²
Kart
Sør-Elvåga
59°51′27″N 10°54′56″E / 59.8575°N 10.915555555556°E / 59.8575; 10.915555555556
Wikimedia Commons: Sør-Elvåga

Sør-Elvåga er eit vatn i Austmarka på grensa mellom Oslo og Lørenskog kommunar. Vatnet gjev drikkeforsyningar til delar av det søraustre Oslo.

Etter at Nord-Elvåga vart demd opp med 9 meter i 1964, vart Sør-Elvåga hengjande saman med Nord-Elvåga og heva 4 meter. Det oppdemde vassmagasinet inngår i drikkevassforsyninga til Oslo. Det er difor ikkje tillate å bada i denne delen av Elvåga.

Vatnet er regulert 14 meter. Grensa mellom Oslo og Akershus går midt langs Nord- og Sør-Elvåga. Vatnet har avløpet gjennom Ellingsrudelva via Fjellhammarelva til Nitelva ved Lillestrøm.[1]

Etter at vatnet var demt opp er den største djupna i Sør-Elvåga 23 meter.[2] Vatnet med strandlinje vart ekspropriert i 1947 for å bidra til Oslos vassforsyning. Fleire busetnadar rundt vatnet vart rivne før oppdemming og desse tomtene står til dels under vatn.[3]

Namnet kjem truleg av «el» i tydinga «kald byge» eller «vind» (terrengformasjonen fører til kalde trekk frå nord), og våg i tydinga vik.[3] «Elivågar» i Edda går ein ut i frå er Elvåga og var ifølgje Hymeskvadet og Vaftrudnismål to kalde innsjøar på grensa mellom landet til jotnane og menneska.[1][4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Marka fra A til Å. Universitetsforlaget. ISBN 8200069044. 
  2. Dybdekart, NVE
  3. 3,0 3,1 Senje, Sigurd. Østmarka. Gyldendal. ISBN 8205063176. 
  4. Oslo-marka: Nordmarka, Østmarka, Lillomarka, Sørmarka, Vestmarka, Krokskogen, Romeriksåsene. Halvorsen & Larsen forl. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]