Sørfjorden i Sortland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°42′54″N 15°39′55″E Sørfjorden er ein fjordarm av Hognfjorden i Sortland kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 6 km søraustover til garden med same namn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Simaneset i vest og Eidebuktneset, like sør for Eidesbukta i aust. Det er få busetnader langs fjorden. Austsida har fjellsider som stig jamt og forholdsvis bratt opp til Durmålstinden (499 moh) og Skredtinden (702 moh). Vestsida er meir prega av eit flatt område med myrlendt landskap, før Simanestinden stig bratt opp til 616 meter over havet. Lenger inn i fjorden ligg Trolldalstinden (784 moh) og Meraftatinden (727 moh). Mellom Trolldalstinden og Simanestinden går Osvolldalen sørvestover.