Süleyman Demirel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Süleyman Demirel

Statsborgarskap Tyrkia
Fødd 1. november 1924
İslamköy
Død

17. juni 2015 (90 år)
Ankara

Yrke ingeniør, politikar
Språk tyrkisk
Politisk parti Justice Party, DYP
Religion Sunniislam
Ektefelle Nazmiye Demirel
Süleyman Demirel på Commons

Sami Süleyman Gündogdu Demirel (1. november 192417. juni 2015) var ein tyrkisk politikar, fødd i provinsen Isparta. Mellom 1965 og 1993 var han statsminister i Tyrkia i fem periodar. Frå 1993 til 2000 var han president av Tyrkia.

Demirel var utdanna bygningsingeniør og arbeidde frå 1950 i leiande stillingar med å prosjektere og bygge vasskraftverk i Tyrkia.

Hausten 1964 vart han vald til leiar av partiet Adalet Partisi og vart visestatsminister i ei koalisjonsregjering. Parlamentsvalet 10. oktober 1965 gav partiet hans fleirtalet i parlamentet og Demirel vart statsminister i oktober. Partiet sikra seg endå fleire mandat ved valet i 1969. Demirel heldt fram som statsminister til 16. mars 1971, då han vart styrta i eit militærkupp.

Demirel var så statsminister og leiar av ei koalisjonsregjering frå mars 1975 til juni 1977. Allereie ein månad etter han gjekk av i juni, var han i juli månad tilbake på statsministerkontoret som leiar for ein ny koalisjon. Denne regjeringa sat ved makta i eit knapt halvår. Fra hausten 1979 til hausten 1980 var Demirel statsminister til 12. september 1980, då han vart avsett av hæren og generalen Kenan Evren tok makta i landet. Demirel vart forboden å delta aktivt i tyrkisk politikk for ein periode på ti år.

Ei folkeavrøysting i 1987 gav Demirel rett til å delta i det politiske liv, og han vart straks vald til formann i partiet Doğru Yol Partisi (demokratane). Etter parlamentsvalet i 1991 vart Demirel Tyrkias statsminister for femte gong, i koalisjon med sosialdemokratane. Denne posisjonen hadde han til 16. mai 1993. Parlamentet valde han då til å vere president i Tyrkia, etter den folkevalde Turgut Özal som døydde i april. Demirel var president i Tyrkia i nøyaktig sju år. Dei siste tre åra var makta hans avgrensa ettersom det militære hadde intervenert i styret hans i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]