SCUMM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Script Creation Utility for Maniac Mansion (SCUMM) er eit scriptspråk laga av LucasArts, som på den tida var kjend som Lucasfilm Games, for å gjere utviklinga av eventyrspelet Maniac Mansion lettare.

Det er ein mellomting mellom ein spelmotor og eit programmeringsspråk, som lét utviklarane lage område, utstyr og dialogsekvensar utan å måtte skrive kode i det same språket som kjeldekoden til spelet endar opp i. Dette lét utviklarane også bruke script- og datafiler frå spelet på tvers av fleire plattformer. SCUMM er også ein vert for integrerte spelmotorar som iMUSE (som står for Interactive MUsic Streaming Engine), INSANE (står for INteractive Streaming ANimation Engine), CYST, FLEM, og MMUCUS. SCUMM er sloppe til desse plattformene: 3DO, Amiga, Apple II, Atari ST, CDTV, Commodore 64, FM Towns, FM Towns Marty, Apple Macintosh, Nintendo Entertainment System, MS-DOS/PC-DOS, Microsoft Windows, Sega CD og TurboGrafx-16/PC Engine.