SEDAK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

SEDAK er ei forkorting av SEnter for Digitalisering Av Kulturarven i Møre og Romsdal.


SEDAK var eit 2-årig prøveprosjekt som starta 1.10.2010. SEDAK-senteret låg under Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal.

SEDAK-senteret skal bli eit ressurssenter for digitalisering av kulturhistoriske kjelder i og frå Møre og Romsdal. SEDAK-prosjektet har digitalisert alle typar kjelder for arkiv, bibliotek og musea i fylket: alt frå bøker og byråkrati, privatarkiv og skipsteikningar, til lyd og lyslaga materiale som foto, fil og video. Målet har vore at alt som blir digitalisert skal på nett. Samstundes skulle SEDAK sikre materialet slik at komande generasjonar får nytte og glede av det. SEDAK tok også digitaliseringsoppdrag frå næringslivet og privatpersonar i prosjektperioden.


Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har vedteke å opprette SEDAK-senteret som ei permanent teneste for ABM-sektoren frå 2013. Senterert skal driftast av IKA, Interkommunalt arkiv, Møre og Romsdal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]