SOLAS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

SOLAS er ein konvensjon som omhandlar tryggleik til personell og skip på sjøen. Det står for Safety Of Life At Sea, og er ein konvensjon underlagt Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen, IMO. SOLAS kan sporast heilt attende til forliset av «Titanic» i 1912, men det er gjort stadig endringar og forbetringar innanfor regelverket. Mykje av dagens SOLAS-regelverk stammar frå ein versjon som vart kunngjort 1. november 1974.

SOLAS består av ulike kapittel om korleis ting skal og bør gjerast på sjøen for å oppnå høgast mogleg tryggleik. Det gjeld blant anna branninstruksar, rett radiokommunikasjon, tiltak for sikker handtering av farleg gods, tryggleikstiltak for ulik type båtar og handtering av livredningssituasjonar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]