Traktat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brest-Litovsk-traktaten frå 3. mars 1918, skrive på både tysk, ungarsk, bulgarsk, tyrkisk og russisk, var ein fredstraktat mellom Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Tyskland, Austerrike-Ungarn og Bulgaria som gjorde slutt på Sovjet-Russlands deltaking i Den fyrste verdskrigen. Traktaten vart underskrive i Brest i Kviterussland.

Traktat (frå latin) er ei nemning på viktige folkerettslege bindande avtaler mellom to eller fleire sjølvstendige statar. Gjeld traktaten to statar, kallast han ein bilateral traktat, medan han kallast multilateral dersom fleire statar er med på han.

Traktatar vert vanleg inngått i to steg ved at det skriftlege dokumentet fyrst vert underteikna av statane sine utanriksministrar, ambassadørar eller andre som har særskild fullmakt til å gjere dette, og deretter vert ratifisert av statsleiarane i dei statane traktaten gjeld. Vanlegvis er det fyrst når ratifikasjon er gjort, at staten har tatt på seg plikta til å fylgje det som er fastsett i traktaten, altså at traktaten har vorten folkerettsleg bindande. Men i somme høve kan traktaten verte fylgd eller verte sett på som bindande sjølv om han ikkje har vorte ratifisert.

Emnet for traktatar kan vere å fastsette rettsreglar for samkvemmet mellom statane, eller ordne opp i einskilde problem og spørsmål, til dømes tvist om grenser og landeområde.

Konvensjon og andre ord for bindande avtaler mellom statar[endre | endre wikiteksten]

Andre ord for bindande avtalar mellom statar er konvensjon, protokoll eller note. Det er ingen juridisk skilnad knytt til desse nemningane, men nemninga konvensjon vert ofte nytta når det gjeld ei omfattande regulering av eit og same emne med mange statar som partar.

Wien-konvensjonen om traktatretten[endre | endre wikiteksten]

Reglar om korleis traktar og konvensjonar skal gjerast og oppfyllast, er fastsett i Wien-konvensjonen om traktatretten frå 23. mai 1969.