SS-17

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MR-UR-100 Sotka (NATO-kallenamn SS-17 SPANKER) eller SS-17 var eit interkontinentalt ballistisk missil med fleire stridshovud (MIRV) utvikla og utplassert i Sovjetunionen frå 1978 til 1993. Missilet hadde ei maksimal rekkevidde på 11000 km og kunne bera fire stridshovud med ei sprengkraft på 550 kilotonn TNT kvar. Navigasjonen var tre system med tregleiksnavigasjon, og trefftryggleiken vart oppgjeven til 450 meter frå målet. Missilet skulle skytast ut frå fast silo, og drivstoffet var flytande.

Science fiction[endre | endre wikiteksten]

I science fiction-boka The Third World War, av general sir John Hackett, eksploderer eit stridshovud frå ein SS-13 3500m over Birmingham i England. I boka vert 300 tusen menneske drepne på få minutt, og 250 tusen til, døyr i etterverknadene.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Third World War, General Sir John Hackett, Sphere Books, 1978, s. 371

Kjelder[endre | endre wikiteksten]