NATO-kallenamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

NATO-kallenamn er (i 2018) NATO sine kodenamn for militært utstyr frå Russland, Kina, og land fra det som vart kalla Austblokka (deriblant Sovjetunionen). Namna vart laga for å lette sambandet mellom ulike land som ikkje hadde same språk. I tillegg var russiske namn på utstyret ukjende. Mykje av dette utstyret er framleis i bruk, og NATO-kallenamna likeså. Den første bokstaven i namnet viser kva slags utstyr det er snakk om, til dømes fekk jagarfly og angrepsfly namn som byrja med F (etter det engelske ordet Fighter), bombefly fekk namn på B, transportfly fikk namn på C (for Cargo) og dulike andre fly som til dømes øvingsfly, tankfly, Anti-ubåtfly, AWACS mm namn på M (for Miscellaneous). Propelldrivne fly fekk namn med ei staving, medan jetdrivne fekk namn med to stavingar. Helikopter fekk namn på H, Luft-til-luft missil fekk namn på A (etter air-to-air), luft-til-bakke missil fekk namn på K, bakke-til-luft missil fekk namn på G (etter groundlaunched) og bakke-til-bakke missil namn på S (etter surface-to-surface).

Craig Thomas skreiv i 1977 boka Firefox med det oppdikta NATO-kallenamnet Firefox for Mikojan-Gurevitsj MiG-31. Boka vart filmatisert av Clint Eastwood i 1982. Den rette MiG-31 fikk i 1979 NATO-kallenamnet Foxhound.

Pentagon har sine eigne kodar for missil: AA- (luft-til-luft), AS- (luft-til-bakke), SA- (overflate-til-luft), SS- (overflate-til-overflate), −N- (sjøplattform), −X- (eksperimentell design) og AT- (panservernmissil).

Døme på fly[endre | endre wikiteksten]

Døme på missil[endre | endre wikiteksten]

AA-9 «Amos», Vympel R-33 under ein MiG-31

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]