Hopp til innhald

SSS-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SSS-øyane
Land  Kongeriket Nederlanda
Kart
SSS-øyane
18°01′00″N 63°02′00″W / 18.0167°N 63.0333°W / 18.0167; -63.0333

SSS-øyane er ei nemning på dei karibiske øyane Saba, St. Martin og Sint Eustatius, som tidlegare var ein del av Dei nederlandske Antillane. Sidan 10. oktober 2010 har Saba og Sint Eustatius vore nederlandske kommunar med særstatus. St. Martin er delt i to og omfattar både landet Sint Maarten, som er ein del av Kongeriket Nederlanda, og det franske oversjøiske territoriet Saint-Martin.