Sint Maarten
Utsjånad
| Sint Maarten | |||
| sjølvstyrt område | |||
|
|||
| Nasjonalsong: O Sweet Saint Martin's Land | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Philipsburg | ||
| Areal | 34 km² | ||
| Folketal | 43 847 (2020)[1] | ||
| Grunnlagd | 10. oktober 2010 | ||
| Språk | Nederlandsk og engelsk | ||
| Kong | Willem-Alexander | ||
| Tidssone | UTC -4 | ||
| Retningsnummer | 1 721 | ||
| Domene | .an | ||
![]() Sint Maarten 18°01′55″N 63°04′04″W / 18.031944444444°N 63.067777777778°W | |||
| Wikimedia Commons: Sint Maarten, Dutch Caribbean | |||
Sint Maarten er eit autonomt land i Kongeriket Nederlanda, som utgjer den sørlege delen av øya St. Martin. Den nordlege delen av øya er eit fransk oversjøisk område, Saint-Martin. Hovudstaden er Philipsburg, arealet er 34 km² og innbyggjartalet er rundt 45 000.
I ei folkeavrøysting i 2000 gjekk 69,9 % av folket på Sint Maarten inn for å få status som eit eige land i union med Nederland innanfor Kongeriket Nederlanda. Dette skjedde den 10. oktober 2010, då Dei nederlandske antillane vart oppløyst som ei politisk eining.

