Sagskater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sagskater
Pristis pristis - Georgia Aquarium Jan 2006.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Infraklasse: Neoselachii
Overorden: Batoidea
Orden: Rhinopristiformes
Familie: Sagskater Pristidae
Bonaparte, 1838

Sagskater (Pristidae) er ein familie bruskfiskar. Dei liknar på haiar i forma, men hovudet er flatare. Dessutan er snuten lengja til eit flatt blad som på kvar side har 16 til 32 store hudtenner. Sagskater kan skiljast frå saghaiane ved at gjellespalta finst på undersida av kroppen.

Sagskatefamilien femnar om sju artar i to slekter som finst i tropiske saltvass- og brakkvass-strok; nokre går dessutan opp i ferskvatn. Dei kan verta 10 meter lange (saga kring 25 centimeter) og vega 2 300 kilogram. Sagskater lever mest av botndyr som dei rotar opp av sanden med saga, men dei tek òg mindre fisk som dei slår i svime ved å slå med saga i vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]