Sagvågsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sagvågsfjorden er ein 5 km lang sidefjord til Bømlafjorden og Hardangerfjorden mellom Bømlo og Stord i Hordaland. Sør for fjorden ligg øyane Føyno, Nautøya og Spyssøy. Over desse tre øyane går delar av Trekantsambandet mellom Stord, Bømlo og Sveio.

Mellom Føyno og Stord ligg Digernessundet og over her går Stordabrua med ei lengd på 1076 meter. Mellom Nøytøya og Spissøy går Bømlabrua som har ei lengd på 990 meter. Sør for desse øyane igjen ligg Bømlafjorden der Bømlafjordtunnelen frå Føyno går over til fastlandet.

Nord for Stordabrua ligg Valvatnavågen, Sætrevika og Sagvågen med tettstaden Sagvåg innanfor. Før Trekantsambandet var ferdig gjekk det ferje frå Sagvåg og over fjorden til Siggjarvåg på Bømlo. Sagvågsfjorden endar like nord for Siggjarvåg og Sagvåg og held fram vidare nordover som Stokksund.