Sakarias Ansok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sakarias Ansok
Fødd 1898
Død

1986 (88 år)

Yrke journalist

Sakarias Ansok (18981986) var ein norsk lokalhistorikar og gardbrukar fødd på Stranda.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sakarias Ansok var fødd og oppvaksen på garden Ansok ved Storfjorden. Medan garden Ansok fekk bilveg i 1953 opplevde Sakarias Ansok samstundes at mange av fjell- og strandgardane på Indre Sunnmøre blei fråflytt. Gjennom intervju med dei siste brukarane av desse gardane dokumenterte Ansok natur, miljø og menneskja som livnærte seg på dei fråflytte bustadane. Ansoks arbeid med å samle miljø og menneskeskildringane kom etter initiativ frå redaktør Magne Flem i Sunnmørsposten. Den første artikkelen publiserte Ansok i Sunnmørsposten i 1965 og totalt har han skrive meir enn 60 artiklar i Sunnmørsposten og lokalavisa Sunnmøringen. Artiklane blei etterkvart samla, omarbeidd og utgjeve i tre bøker.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sakarias Ansok har fått følgjande utmerkingar for sitt historiske arbeid:

  • 1976: Fylkeskulturprisen frå Møre og Romsdal fylke.
  • 1982: Heidersmedlem i Storfjordens Venner.
  • 1983: Kulturprisen frå Stranda kommune

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bibliografien syner berre hovudverka

  • 1970, 1977, 1985: Eld som slokna: artiklar om fråflytte fjell- og strandgardar ved Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden.
  • 1977: Far etter folk.
  • 1980: Menneske vi møtte : artiklar og miljøskildringar