Sakprosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sakprosa viser til tekst som tek for seg faktiske tilhøve, i motsetnad til dikting eller skjønnlitteratur. Sakprosatekstar formidlar, orienterer, skildrar, rapporterer eller hevdar visse standpunkt. Ei klar framføring av slik informasjon eller synspunkt får ofte større vekt enn kunstnariske eller personlege uttrykk i slike tekstar. Nokre sakprosasjangrar er artikkel, bruksrettleiing, foredrag og rapport. Ei lovsamling og ein rutetabell er òg døme på det som vert rekna som sakprosa.

Sakprosa, litterær sakprosa og faglitteratur[endre | endre wikiteksten]

Det kan i mange høve vere grunn til å tale om litterær sakprosa som ein sjanger som skil seg frå faglitteratur, der fagllitteratur er tekstar som vender seg til eit kollektivt fagmiljø, medan den litterære sakprosaen kombinerer faglege tradisjonar med fiksjon på eit vis som i og for seg ikkje bryt med krava om å halde seg innanfor faglege rammer [1]. Teoretisk og historisk sett er det vanskeleg å setja eit klart skilje mellom sakprosaen og skjønnlitteraturen. Sakprosaen har alltid nytta retoriske og forteljartekniske verkemiddel som ein vanlegvis knyter til skjønnlitteratur, medan skjønnlitteraturen òg kan formidla kunnskap, innsikt og engasjement rundt visse emne og problem. Visse sjangrar ligg i grenselandet mellom sakprosa og skjønnlitteratur, til dømes essay og kåseri. Andre kan vera vanskelege å plassera heilt som det eine eller det andre, til dømes biografiske og historiske verk. Men i motsetnad til skjønnlitteratur, krevst det av sakprosa at opplysningane i teksten er pålitelege, altså at det er mogleg for andre å kontrollere at det som står i teksten er objektivt rett. Ein skjønnlitterær bok om til dømes andre verdskrigen kan gjerne skildre oppdikta hendingar som om dei var reelle, medan sakprosa om andre verdskrigen berre må skildre reelle hendingar, og då på ein mest mogleg objektiv måte.

For mange viktige tekstar, særleg tekstar av religiøs karakter, kan det vere skilde meiningar om korleis dei skal vurderast. Somme ser på dei som rein fiksjon, medan andre ser på dei som ei meir eller mindre objektiv skildring av faktiske hendingar og ålmenngyldige påbod.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå til dømes Åsmund Svendsens melding av boka av Per Anders Todal, Havlandet : Historia om hava som skapte Noreg, i tidsskriftet Prosa (utgjeve av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening) nr. 6, 2018, side 54, der Havboka vert karakterisert som «litterær sakprosa, ikke faglitteratur».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.