Salami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salamisnabb og salamiskiver.

Salami eller salamipølse er ein type røykjepølse som er krydra og lett speka. Ho er gjerne kjenneteikna av raudt kjøt med kvite feittbitar i.

Salami er særleg rekna som ein italiensk mattype, men slike pølser er vanlege over store delar av Europa. Ordet salami er den italienske fleirtalsforma av salame, av vulgærlatin salamen, 'salta'.

Salami er typisk laga av grovhakka svinekjøt eller storfekjøt med kvitt spekk, salt og kvitlauk. Ein kan også bruka andre typar kjøt, som sau, geit, gås, kalkun, hest og esel. Andre vanlege ingrediensar er ulike krydder, særleg kvit pepar, urter, eddik og vin.

Salamipølse blir typisk eten etter å ha blitt skoren i tynne skiver. Ho er vanleg å bruka som pålegg eller som spekemat. Salami kan også vera ingrediens i mange ulike matretter, som i panini og på pizza.

Nokre kjende salamitypar er kryddersalamiane pepperoni (Italia/USA) og chorizo (Spania/Portugal). Ein regional salami i Italia er finocchiona frå Toscana, som er smakssett med fennikel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]