Fennikel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fennikel
Fennikel
Fennikel
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Slekt: Foeniculum
Art: Fennikel F. vulgare
Vitskapleg namn
Foeniculum vulgare

Fennikel er ein fleirårig urt i skjermplantefamilien. Han er ein inntil 1 meter høg plante med blågrøne, findelte blad og gule blomar i store skjermar utan stor- eller småsveip. Fennikel stammar frå middelhavsområdet og finst av og til forvilla på avfallsplassar i Noreg. Fleire underartar, krydderfennikel, F. vulgare ssp piperitum, knollfennikel, F. vulgare ssp azoricum, med fortjukna bladslire og -stilk, og hagefennikel, F. vulgare ssp dulce. Minifennikel er små og avlange.

Botanisk illustrasjon av Foeniculum vulgare

Den eteriske olja i fruktene har sterk, aromatisk lukt og søt smak, og har sidan oldtida vore brukt som smaksstoff og i medisinen.

Fennikel kan brukast også som grønsak, rå eller kokt. Det mjuke, saftige fruktkjøtet har ein søtaktig smak, som anis. Blada kan brukast som smakstilsetjing i salatar, og som pynt. Friske skot kan brukast som dill. Fruktene er brukt som krydder i bakverk og frøa i forskjellige retter av kjøt, fisk og sopp. Fenikkel innehelt om lag 31 mg vitamin C, 396 mg kalium, 3,3 g kostfiber, 90 % vatn, 0,4 g feitt og 110 kJ tilført energi per 100 g etande vare.

Namnet fennikel er frå lågtysk, eigentleg diminutiv av latinsk foenum, 'høy'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]