Saldasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 37°33′N 29°41′E
Saldasjøen
innsjø
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen
By Salda
Koordinatar 37°33′N 29°41′E
Areal 43,70 km²
Innsjøtype Kratersjø
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lake Salda

Saldasjøen er ein mellomstor kratersjø sørvest i Tyrkia, i distriktet Yeşilova i provinsen Burdur, og ligg kring 50 km vest for byen Burdur.

Innsjøen har eit areal på 43,70 km² og er 196 meter på det djupaste, noko som gjer han til ein av dei djupaste i heile Tyrkia, om ikkje den djupaste.

Han er eit populært fritidsområde, særleg på grunn av mineralet hydromagnesitt som finst langs breidda av innsjøen og som ein trur kan kurere visse hudsjukdomar. Kring breidda veks det svartfuru, som òg er populære som jaktområde.

Det ligg ei lita bygd sørvest ved innsjøen, som òg heiter Salda. Det lokale senteret i området er Yeşilova, som ligg kring 4 km frå innsjøen.

Den sære morfologien til innsjøen har gjort at det er utført mange studiar av Saldasjøen. Det uvanleg høge basiske innhaldet gjer at innsjøen er ein av få stader der dei eldgamle stromatolittalgane framleis veks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]