Provinsen Burdur
Burdur | |||
Burdur ili | |||
region | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Middelhavsregionen | ||
Del av | Antalya Subregion | ||
Hovudstad | Burdur | ||
Areal | 6 887 km² | ||
Folketal | 258 868 (2010) | ||
Folketettleik | 38 / km² | ||
Bilnummer | 15 | ||
Retningsnummer | 248 | ||
![]() Provinsen Burdur | |||
Wikimedia Commons: Burdur Province | |||
Provinsen Burdur (tyrkisk Burdur ili) er ein provins Tyrkia, sørvest i landet. Han grensar til Muğla og Antalya i sør, Denizli i vest, Afyon i nord og Isparta i aust. Han dekkjer 6887 km² og har kring 260 000 innbyggjarar. Provinshovudstaden er byen Burdur.
Burdur ligg i det såkalla «innsjøområdet» i Tyrkia med mange innsjøar av forskjellig storleik. Den største er Burdursjøen, kalla opp etter provinsen. Saldasjøen er den nest største og vert rekna for å vere ein av dei reinaste innsjøane i verda.
Distrikt[endre | endre wikiteksten]
Provinsen Burdur er delt inn i 11 distrikt (hovuddistriktet er utheva):
Galleri[endre | endre wikiteksten]
-
Den antikke byen Sagalassos
-
Gjenstandar funne i Hacilar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Burdur Province» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2012.