Saljut-programmet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salyut-merket

Saljut (russisk Салют, 'fyrverkeri'), var namnet på ei rekkje sovjetiske romstasjonar som gjekk i bane rundt jorda frå byrjinga av 1970-åra. Den fyrste stasjonen vart lansert 19. april 1971 og den siste brann opp i jordatmosfæren 7. februar 1991. Av dei ni stasjonane som vart sende opp, var seks bemanna i forskjellige tidsrom. Alle bemanna flyreiser til og frå stasjonar vart utførte av Sojuz-fartøy.

Saljut 1 (DOS 1) vart skoten opp 19. april 1971.[1] Dette var den fyrste romstasjonen som kom i omløpsbane rundt jorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «NASA Space Science Data Coordinated Archive» (på engelsk). NASA. Henta 20210328. 


Saljut-programmet
Saljut 1 | DOS-2 | Saljut 2 | Kosmos 557 | Saljut 3 | Saljut 4 | Saljut 5 | Saljut 6 | Saljut 7
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.