Salteeøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salteeøyane is located in
Plasseringa i Irland

Koordinatar: 52°07′N 6°36′W Salteeøyane (Oileán an tSalainnirsk) er ei gruppe på to småøyar om lag 5 km utanfor sørkysten av County Wexford i Republikken Irland. Dei to øyane heiter Great Saltee (Store Saltee) (0,89 km²) og Little Saltee (Litle Saltee) (0,40 km²). Dei har vore fråflytta sidan tidleg på 1900-talet og har vore i privateige hos Neale-familien sidan 1943. Det er ikkje lov med camping på øya og det berre lov å vitje øyane mellom kl. 1100 og 1630. Det går stundom båtar til øya frå landsbyen Kilmore Quay på fastlandet. I lag dannar øyane eit av dei største fuglereservata på Irland. Mange forskjellige artar av sjøfugl hekkar her, som havsule, skarv, lundefugl, alke, lomvi. I tillegg har dei ein koloni med gråsel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]