Alke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alke
Alke
Alke

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av Alke
Utbreiinga av Alke
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Alca
Art: Alke A. torda
Vitskapleg namn
Alca torda

Alke (Alca torda) er ein sjøfugl i alkefamilien og den einaste eksisterande medlemmen av slekta Alca. Arten er den næraste levande slektningen til den utdøydde geirfuglen (Pinguinis impennis).[2] Leveområdet for alker er det subarktiske Atlanterhavet.

Alker er primært svarte med ei kvit underside. Hannen og hoa er identiske i fjørdrakt, men hannar skil seg ut som noko større enn hoer. Denne smidige fuglen har stort sett eit akvatisk levesett og kjem berre til land for å hekke. Dei lever monogamt, formeirar seg med same partnar for livet. Hoene legg eitt egg per år. Alker hekkar langs kystklippene i lukka eller lett synlege sprekkar. Foreldra deler rugetida likt, og når ungen er klekt, byter dei på å bringe føde til ungen.

Trugsmål mot denne arten er mellom anna verknader av klimaendringar, overfiske som reduserer tilgang på føde og garnfiske og fiske med drivgarn i alka sitt leveområde.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Slekta Alca vart introdusert i 1758 av Carl von Linné i den tiande utgåva av hans Systema Naturae.[3] Slektsnamnet Alca er frå det norske «alke», og torda er frå «törd», eit gotlandsk dialektord. Begge omgrepa refererer til denne arten.[4] Før 1758 var omgrepet Alka brukt for alke av andre opphavsmenn for artsnamn i 1605[5] og i 1676.[6]

Alka (Alca torda) er no den einaste arten i den biologiske slekta Alca.[7] Den nære slektningen, geirfugl (Pinguinus impennis), vart utrydda på midten av 1800-talet. Alke og geirfugl er ein del av stammen Alcini av alkefuglar i Nord-Atlanteren, som også inkluderer lomvi (Uria aalge), polarlomvi (Uria lomvia) og alkekonge (Alle alle).[8]

Det er skildra to underartar av alke som er godtatte av International Ornithologists' Union. Alca torda torda, finst i Austersjøen og Kvitehavet, Noreg, Island, ved Bjørnøya, Grønland og det austlege Nord-Amerika. Alca torda islandica, hekkar rundt heile Irland, Storbritannia og nordvestlige Frankrike. Dei to underartane har litt ulik nebblengde.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Alke med fisk til hekkeplassen
Foto: Per Harald Olsen
Alke i flukt
Foto: Joachim Kohler

Alka har ei basis fjørdrakt og ei hekkedrakt som avviker litt. I hekkesesongen er hovud, hals, overside og føter svarte. Ei tynn kvit tyglelinje strekker seg òg frå auga til enden av nebbet. Hovudet er mørkare enn hos lomvien. Nebbet er svart, flattrykt frå sidene, det har fleire vertikale riller eller furar nær den butte, bua enden, ein av dei er utsmykka med ei kvit, broten vertikal linje.

Utanom hekkesesongen blir strupen og kinnet til bak auget kvitt, og den kvite linja i ansiktet og nebbet blir mindre tydeleg. Nebbet blir tynnare og spora er mindre markerte i ikkje-hekkesesongen.

Det er ein stor og kraftig bygd alkefugl, den gjennomsnittlege vekta varierer frå 505 til 890 gram. Kroppslengda er 37–39 cm. Kjønna av vaksne individ er veldig like, har berre små skilnadar i storleik, slik at hannfuglar har 1-5 % større lengdemål. Alka har ein utprega lang og avsmalande hale som ikkje er vanleg for ein alkefugl. Under flyging stikk ikkje føtene bak halen.

Eit alkepar lever monogamt for livet. Dei hekkar i opne eller skjulte sprekkar mellom klipper og svaberg. Dei lever på havet og kjem berre på land for å hekke. Den årlege overlevingsrata for alka er mellom 88 og 92 %. Ei alke ringmerkt i Storbritannia i 1968 blei minst 41 år - ein rekord for arten,[9] men generasjonslengda er rekna til 16 år.[1] Overlevingsrate frå flygeferdig fugl til første hekking er rekna til 16-33 %.[9]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Alka er spreidd over Nord-Atlanteren. Om lag 40 % av all hekking i Europa føregår på Island, og Europa har meir enn 90 % av verdas alkepopulasjon på mellom 1,3 og 2,5 millionar individ.[10] Alka trivst ved overflatetemperaturar under 15 °C. Dei sest ofte saman med andre alkefuglar som polarlomvi og lomvi. Likevel, i motsetning til andre alkefuglar, rører dei seg vanlegvis nærare farvatn med lågare saltinnhald for å beite, slik som ved større elvemunningar. Alker er spreidde over subarktiske og boreale vatn i Atlanterhavet. Hekkehabitat er øyar, steinete kystar og klipper på nordlege atlanterhavskysten, i det austlege Nord-Amerika så langt sør som Maine, og i Vest-Europa frå nordvest-Russland til Nord-Frankrike. Etter hekketida dreg alkene langt vekk frå hekkestadene. Nordamerikanske fuglar trekker sørover til havs, frå Labradorhavet sørover til hava utanfor nordaustlegaste USA. Eurasiske fuglar overvintrar òg til havs, med fleire populasjonar som samlar seg i Nordsjøen og nokon rører seg sørover så langt som til det vestlege Middelhavet.

Norskhekkande alker ser ut til å halde seg ved sørlege Vestlandet om vinteren, og i Skagerrak og Nordsjøen, men somme vintrar er store flokkar observerte i fjordar i Nord-Noreg.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Alka er ein kolonihekkar som hekkar spreidd langs vestkysten av Nord-Atlanteren sør til Maine, på Grønland, Island, Jan Mayen og Bjørnøya. Langs austkysten av Atlanterhavet hekkar alke frå det nordlege Frankrike i sør og nordaustover til Kolahalvøya. I Noreg hekkar fuglen i fuglefjella frå Møre og nordover.[11] Koloniane kan variere i storleik frå få par til titals tusen par.

Ei alke vert vanlegvis kjønnsmoden og startar hekking i ein alder på fire eller fem år. Det monogame paret hekkar årleg med eit kull på berre eit egg, somme år kan eit par late vere å hekke.[9] Fuglane kjem til hekkekolonien nokre veker før egglegging og alkeflokkar held seg på havet den første tida med sosialt samvær i «vass-seremoniar». Store grupper sym då i kjedeformasjonar med koordinerte rørsler.[12] Paret utfører ritual for vedlikehald av parbandet gjennom heile hekketida. Egglegginga skjer i mai og juni, rugetida er i gjennomsnitt ca. 35 dagar, og foreldra matar ungen på reirplassen i 18-20 dagar fram til dei flyttar seg ut på havet.[9]

Føde og beiting[endre | endre wikiteksten]

Alker er i stand til å dukke til meir enn 100 meters djupne, meir typisk finn dei føde mellom fem og ti meter under overflata. Menyen er sett saman av både fisk og krepsdyr, ofte lodde, men òg sild og sandlanser (Hypoptychus).[9]

Status og trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Verdas alkepopulasjon er estimert til mellom 1,3 og 2,5 millionar individ.[10] Undersøkingar på utvalde stader frå 2009 og seinare har synt auke i alkebestandar, og det finst inga prov på at den globale bestanden søkk. I 2021 syner data ein monaleg auke for den europeiske populasjonen. Birdlife International klassifiserte derfor arten som globalt livskraftig i 2021, ei nedgradering frå nær truga i 2015.[10]

Trugsmåla for arten er ein kombinasjon av fleire einskilde element. Birdlife International framhevar verknader av klimaendringar, redusert tilgang på byttedyr for alker på grunn av overfiske, fiske med garn og drivgarn og jakt. Innførte pattedyr på hekkestadene slik som mink og rotter er eit anna trugsmål, likeins all form for oljesøl på havet og i ei viss grad framvekst av havvindparkar.[10]

I 2021 vart alka nedgradert frå sterkt truga til sårbarnorsk nasjonal raudliste for artar. Eit estimat på den norske hekkebestanden var 110 000 individ i 2014, den gongen trudd å vere minkande. I 2021 fanst det ikkje data som sikkert indikerte auke eller minke i den norske bestanden.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24.11.2021). Fugler: Vurdering av alke Alca torda for Norge. Rødlista for arter 2021. Artsdatabanken
  2. Moum, Truls; Arnason, Ulfur; Árnason, Einar (2002). «Mitochondrial DNA sequence evolution and phylogeny of the Atlantic Alcidae, including the extinct Great Auk (Pinguinus impennis)». Molecular Biology and Evolution (Oxford: Oxford University Press) 19 (9): 1434–1439. PMID 12200471. doi:10.1093/oxfordjournals.molbev.a004206. 
  3. Linnaeus, Carl (1758). Systema Naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis (på latin) 1 (10th utg.). Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 130. 
  4. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 39, 388. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  5. Clusius, Carolus (1605). Exoticorum libri decem. Lugdunum Batavorum [Leiden]: Ex Officinâ Plantinianâ Raphelengii. s. 367. 
  6. Willughby, Francis (1676). Ornithologiae libri tres (på latin). London: John Martyn. s. 243. 
  7. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (July 2021). «Noddies, gulls, terns, skimmers, skuas, auks». IOC World Bird List Version 12.1. International Ornithologists' Union. Henta 21. august 2022. 
  8. Friesen, V.L.; Baker, A.J.; Piatt, J.F. (1996). «Phylogenetic relationships within the Alcidae (Charadriiformes: Aves) inferred using total molecular evidence». Molecular Biology and Evolution 13 (2): 359–367. PMID 8587501. doi:10.1093/oxfordjournals.molbev.a025595. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Lavers, J., J. M. Hipfner, og G. Chapdelaine (2020). Razorbill (Alca torda), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.razorb.01
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 BirdLife International (2022) Species factsheet: Alca torda . Henta frå http://www.birdlife.org den 21. august 2022
  11. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
  12. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 381. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Alke
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Alca torda
  • Barret, R, Alke, Alca torda. s. 254 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. 1994 Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu.