Saltmarsjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gandhi leier Saltmarsjen i 1930.

Saltmarsjen var ein politisk demonstrasjon som byrja i Britisk India den 12. mars 1930 under leiing av Mahatma Gandhi. Marsjen var ein viktig del av den indiske sjølvstyrekampen, og var ein ikkje-valdeleg skatteaksjon mot det britiske saltmonopolet i India. Saman med eit aukande tal tilhengjarar gjekk Gandhi ei strekning på 40 mil frå Sabarmati-asjramen ved Ahmedabad til Dandi ved kysten av Gujarat. Marsjen fekk stor merksemd i India og heile verda, og trekte til seg mange nye deltakarar til frigjeringsrørsla.

Gandhi samlar salt frå stranda i Dandi.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gjennom Saltloven (Salt Act) frå 1882 hadde den britiske kolonimakta monopol på framstilling og salg av salt. Inntektene bidrog til å finansiere den offentlege sektoren i kolonien. For mange indarar var saltskatten den einaste skatten dei betalte, ettersom få av dei betalte inntektsskatt og ein ikkje hadde meirverdiavgift eller importtoll. Avgifta og monopolet blei dermed eit viktig symbol på britisk styre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]