Sameige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sameige ligg føre når to eller fleire personar eig ein ting saman. Sameige kan oppstå på mange ulike måtar, t.d. ved at to eller fleire kjøper eller arvar ein ting saman.

Ein skil mellom fritt sameige (der sameigarane sjølve har vald å eige ein sameigepart) og bunde sameige (der sameiga t.d. har oppstått ved arv). Ein skil òg mellom personalsameige (sameige mellom personar) og realsameige (der sameigeparten er knytt til ein fast eigedom, t.d. eit gardsbruk sin eigarpart i felles utmark).

Lov om sameige av 18.06.65 regulerer rettshøvet mellom sameigarane, m.a. kor mykje kvar av dei kan bruke tingen, kva dei kan nytte den til, utgiftsdeling, rett til utløysing av sameigepart og rett til oppløysing av sameiga.

Eit seksjonssameige er ei særform for sameige og er regulert av ei særlov; Lov om eierseksjoner av 23.05.97. I eit seksjonssameige har kvar av sameigarane eksklusiv bruksrett til ein fysisk del av eigedomen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]